From Wikipedia, the free encyclopedia
Vindelälven er eit 453 km langt vassdrag i den sørlege delen av landskapa Lappland og Västerbotten (Västerbottens län) med eit tilsigsfelt på 12 650 km². Vindelälven er ei sideelv til Umeälven og er omtrent like vassrik som denne ved samløpet. Vindelälven er den største sideelva i Sverige. Middelvassføringa ved munningen er 190 m³/s.
Vindelälven | |||
elv | |||
Renforsen i Vindelälven | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 650 km² | ||
Lengd | 445 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 190 m³/s | ||
Munning | Ume älv | ||
- koordinatar | 63°55′00″N 19°51′30″E | ||
Vindelälven 63.91787°N 19.857788°E | |||
Kart som viser Vindelälven.
| |||
Wikimedia Commons: Vindelälven | |||
Vindelälven startar nær grensa mot Noreg i den sørlege delen av Arjeplog kommun, og renn søraustover gjennom heile Sorsele kommun, inklusiv innsjøen Storvindeln, passerer gjennom Vindeln kommun og ein liten del av Umeå kommun, og endar opp i Vännäs kommun der ho munnar ut i Umeälven like aust for Vännäsby, 25 km frå Bottenviken. På sin veg passerer ho Ammarnäs, Sorsele, Rusksele, Åmsele og Vindeln. Den største sideelva til Vindelälven er Laisälven.
Vindelälven er ei av dei fire store uregulerte fjellelvane i Sverige. Vassmengda hennar under vårsmeltninga kan derfor vere langt større enn i den regulerte Umeälven.
I 1993 vart Vindelälven utpeikt som ei nasjonal elv av Den svenske riksdagen, saman med Torne älv, Kalixälven og Piteälven.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.