Villa Las Estrellas
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Villa Las Estrellas (spansk «Stars Town») er ein chilensk landsby i kommunen Antártica som ligg ved President Eduardo Frei Montalva-basen, ein militærbase på King George Island. Han er den største og eine av to sivile busetnader i Antarktis (den andre er den argentinske Esperanza-basen). Om sommaren bur det 120 personar her og om vinteren 80.[2]
Villa Las Estrellas | |||
landsby | |||
Villa Las Estrellas i 2011 | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Base Presidente Eduardo Frei Montalva | ||
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°12′1.5″S 58°57′55″W | ||
Folketal | 95 (2017)[1] | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Villa Las Estrellas 62.2002°S 58.9641°W | |||
Wikimedia Commons: Villa Las Estrellas | |||
Folket i Villa Las Estrellas lever i eit samfunn som omfattar 14 bustadhus på 90 m².
Det finst ein skule her, F-50 «Villa Las Estrellas»-skulen, som går opp til 8. klasse, med to lærarar, som tar imot kring 15 born. I tillegg er det ein barnehage og eit bibliotek. Det chilenske luftforsvaret driv eit sjukehus med ein lege og ein sjukepleier. I tillegg finst her bank, eit herberge, ein suvenirbutikk og eit treningsanlegg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.