From Wikipedia, the free encyclopedia
Vilde Frang Bjærke (fødd 19. august 1986) er ein norsk fiolinist frå Oslo.
Vilde Frang | |||
| |||
Fødd | 19. august 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | fiolin | ||
Plateselskap | Warner Classics | ||
Verka som | fiolinist | ||
Prisar | Spellemannprisen i klassisk musikk, Prins Eugens Kulturpris, Den norske solistpris, Spellemannprisen i klassisk musikk, Echo Klassik, Spellemannprisen i klassisk musikk, Classic Brit Awards |
Vilde Frang starta å spela fiolin fire år gamal, og allereie som tiåring var ho solist saman med Kringkastingsorkesteret. Som tolvåring vart ho med i Oslo-filharmonien, og i 2007 debuterte ho i London Philharmonic Orchestra. Forøvrig har ho spelt med ei lang rekkje europeiske orkester. Ho har studert ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo,[1] og sommaren 2010 avslutta ho masterstudiet sitt ved Kronberg Academy/Universitetet i Frankfurt.
Sommaren 2009 debuterte Frang som soloartist med cd-en Prokofiev & Sibelius: Violin Concertos. For denne plata vann ho Spellemannprisen 2009 i klassa klassisk. Den neste plata hennar kjem ut våren 2011 og inneheld verk av Edvard Grieg, Béla Bartók og Richard Strauss. Ho vart fyrste mottakar av Arve Tellefsens Musikerpris i 2010, og har også vunne Statoils talentstipend på éin million kroner.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.