From Wikipedia, the free encyclopedia
Viborgs län (finsk Viipurin lääni) er eit historisk len i Finland. Lenet bestod i tidsrommet 1812–1945. Før 1811 utgjorde lenet mesteparten av Viborgs guvernement i Russland.
|
Ved freden i Nystad 1721 måtte Sverige avstå Det karelske neset og Ladoga-Karelen til Russland. Ved freden i Åbo 1743 måtte Sverige dessutan avstå alt land austom Kymmene älv til Russland. Desse områda i Russland utgjorde fram til 1811 Viborgs guvernement. Då heile Finland vart avstått til Russland i 1809 vart Viborgs guvernement sameint med Finland att i 1811 og danna frå 1812 Viborgs län i Finland. Byar i Viborgs län var Viborg (Viipuri), Fredrikshamn (Hamina), Kotka, Villmanstrand (Lappeenranta), Kexholm (Käkisalmi) og Sordavala (Sortavala). Byen Nyslott (Savonlinna) som òg hadde høyrt til Viborgs guvernement, vart overført til det i 1831 oppretta Sankt Michels län.
Etter vinterkrigen 1939–1940 vart størsteparten av Viborgs län med byane Viborg, Kexholm og Sordavala avstått til Russland. Området vart teke attende av Finland i framhaldskrigen 1941–1944 men på nytt tapt til Russland i 1944. Landavståinga vart stadfest ved fredsavtala i Paris 1947. Dei over 400 000 innbyggjarane i dei avståtte finske områda måtte finne seg nye heimar i Finland. Dei avståtte områda vart innlema i Leningrad oblast og Karelia i Russland. Det karelske neset med byane Viborg (russisk Vyborg (Выборг)) og Kexholm (russisk: Priozersk (Приозерск)) ligg i Leningrad oblast, medan Ladoga-Karelen med byen Sordavala (russisk Sortavala (Сортавала)) ligg i Karelia.
Dei attverande delane av Viborgs län med byane Kotka, Fredrikshamn og Villmanstrand vart 1945 omdøypt til Kymmene län.
Nedanfor fylgjer eit alfabetisk oversyn over dei kommunane i Viborgs län som vart avståtte til Russland i 1944. I tabellen er svenske, finske og russiske namn oppførte. Lista over svenske namn fylgjer den offisielle arkivlista.[1] Eldre svenske namn som kan nyttast i historiske samanhengar, finst i lista frå Svenska folkpartiets ortnamnskommitté.[2] Kommunar i dei avståtte områda med tradisjonelle, men ikkje «offisielle», svenske namn: Impilax, Jääskis, Kirvus, Mola, Rautus, Salmis er ikkje oppførte i tabellen. Dei russiske namna i Ladoga-Karelen er transkripsjonar av dei finske namna. På Det karelske neset vart dei russiske namna tildelte i 1948–49 for alle tettstader, unnateke Viborg.[3]
Folketalet i kommunane er henta frå Finlands officiella statistik.[4]
Svensk namn | Finsk namn | Russisk namn | Folketal 1939 | Distrikt |
---|---|---|---|---|
Björkö | Koivisto | Primorsk | 2 272 | Det karelske neset |
Björkö landkommune | Koivisto landkommune | 8 883 | Det karelske neset | |
Harlu | Kharlu | 7 828 | Ladoga-Karelen | |
Heinjoki | Vesjtsjovo | 3 712 | Det karelske neset | |
Hiitola | Khijtola | 8 265 | Ladoga-Karelen | |
Hogland | Suursaari | Gogland | 772 | Utøyane |
Impilahti | Impilakhti | 14 399 | Ladoga-Karelen | |
Jaakkima | 8 503 | Ladoga-Karelen | ||
Jääski[5] | Lesogorskij | 20 879 | Det karelske neset | |
Kanneljärvi | Pobeda | 3 805 | Det karelske neset | |
Kaukola | Sevastjanovo | 4 201 | Det karelske neset | |
Kexholm | Käkisalmi | Priozersk | 5 083 | Det karelske neset |
Kexholm landkommune | Käkisalmi landkommune | 5 575 | Det karelske neset | |
Kirvu | Svobodnoje | 8 721 | Det karelske neset | |
Kivinebb | Kivennapa | Pervomajskoje | 9 912 | Det karelske neset |
Korpiselkä[5] | 3 584 | Ladoga-Karelen | ||
Kronoborg | Kurkijoki | Kurkijoki | 10 032 | Ladoga-Karelen |
Kuolemajärvi | Pionerskoje | 5 686 | Det karelske neset | |
Lahdenpohja | Lakhdenpokhja | 1 959 | Ladoga-Karelen | |
Lavansaari | Mosjtsjnyj | 1 089 | Utøyane | |
Lumivaara | Lumivaara | 5 239 | Ladoga-Karelen | |
Metsäpirtti | Zaporozjskoje | 5 162 | Det karelske neset | |
Muolaa | Pravdino | 11 959 | Det karelske neset | |
Nykyrka | Uusikirkko | Poljany | 11 110 | Det karelske neset |
Pyhäjärvi | Otradnoje | 8 128 | Det karelske neset | |
Pälkjärvi[5][6] | 1 953 | Ladoga-Karelen | ||
Rautu | Sosnovo | 5 909 | Det karelske neset | |
Ruskeala | Ruskeala | 6 938 | Ladoga-Karelen | |
Räisälä | Melnikovo | 7 874 | Det karelske neset | |
Sakkola | Gromovo | 6 395 | Det karelske neset | |
Salmi | Salmi | 14 167 | Ladoga-Karelen | |
Sankt Andree | Antrea | Kamennogorsk | 8 772 | Det karelske neset |
Sankt Johannes | Johannes | Sovetskij | 10 303 | Det karelske neset |
Seitskär | Seiskari | Seskar | 688 | Utøyane |
Soanlahti | Soanlakhti | 3 106 | Ladoga-Karelen | |
Sordavala | Sortavala | Sortavala | 4 710 | Ladoga-Karelen |
Sordavala landkommune | Sortavala landkommune | 21 487 | Ladoga-Karelen | |
Suistamo | Sujstamo | 8 141 | Ladoga-Karelen | |
Suojärvi | Suojarvi | 15 934 | Ladoga-Karelen | |
Säkkijärvi[5] | Kondratjevo | 8 685 | Det karelske neset | |
Terijoki | Zelenogorsk | 7 913 | Det karelske neset | |
Tyterskär | Tytärsaari | Bolsjoj Tjuters | 436 | Utøyane |
Vahviala[5] | Jasjino | 5 851 | Det karelske neset | |
Valkjärvi | Mitsjurinskoje | 7 694 | Det karelske neset | |
Viborg | Viipuri | Vyborg | 74 403 | Det karelske neset |
Viborg landkommune | Viipuri landkommune | 19 842 | Det karelske neset | |
Vuoksela | 2 940 | Det karelske neset | ||
Vuoksenranta | Ozjorskoje | 3 602 | Det karelske neset | |
Äyräpää | Barysjevo | 6 113 | Det karelske neset | |
Sum | 430 614 |
Kommunar som berre miste ein del av området sitt, men som elles heldt fram etter krigen: Virolahti, Ylämaa, Lappee, Nuijamaa, Ruokolahti, Rautjärvi, Simpele, Parikkala, Saari, Uukuniemi, Kitee[6], Tohmajärvi[6], Värtsilä[6], Ilomants[6].
Øvrige utøyar i Finskebukta som vart avståtte til Russland: Sommarö, Nervö, Rödskär.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.