Vestslaviske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei vestslaviske språka dannar éi av tre undergrupper i den slaviske språkslekta. Det finst no fem levande vestslaviske språk: nedersorbisk, oversorbisk, polsk, slovakisk og tsjekkisk. Den faktiske statusen til schlesisk og, i noko mindre grad kasjubisk, er omstridd.[1][2] Schlesisk vert ofte oppfatta som ein polsk dialekt, medan kasjubisk anten kan reknast som ein polsk dialekt, eller som ein dialekt av den daude pommersken. Om lag 56 millionar menneske snakkar vestslaviske språk, størstedelen av dei bur i Mellom-Europa.
vestslaviske språk zôpadnosłowiańsczé jãzëczi (kasjubisk) pódwjacornosłowjańske rěcy (nedersorbisk) zapadosłowjanske rěče (oversorbisk) języki zachodniosłowiańskie (polsk) zachodńosłowjańske godki (schlesisk) západoslovanské jazyky (slovakisk) západoslovanské jazyky (tsjekkisk) | ||
Klassifisering: | indoeuropeiske språk
| |
Vidare inndeling: |
| |
Tala i: | Polen, Slovakia, Tsjekkia delar av granneland, særleg Tyskland | |
Skriftsystem: | det latinske alfabetet | |
Dei vestslaviske språka vert vurderte som dei mest innovative i den slaviske slekta når det gjeld fonetikk og ordforråd.[3]. Dei skal skrivast med latinske bokstavar. Alle viser kompliserte bøyingssystem både i nominal- og verbalgrupper, med kasus og aspekt som aktive morfologiske kategoriar. Det tillèt dei å ha noko lausare ordstilling enn til dømes nærskylde germanske eller romanske språk[2]. I høve til andre slaviske språk skil dei seg med fast trykk, tendens til palatalisering, behalding av nokre kompliserte konsonantgrupper og synlege gjensidige påverknader.