![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Lindesnes_Fyr.jpg/640px-Lindesnes_Fyr.jpg&w=640&q=50)
Vest-Agder fylke
tidlegare fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vest-Agder er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket var det sørlegaste i landet og grensa til Rogaland i vest, Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfatta kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder låg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.
Vest-Agder fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Kristiansand | ||
Areal | 7 276 km² | ||
• land | 6 706 km² | ||
• vatn | 570 km² | ||
Folketal | 187 589 (31. desember 2018)[1] | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Ann-Kristin Olsen | ||
Fylkesordførar | Terje Damman (H) | ||
Fylkesnummer | 10 | ||
![]() Vest-Agder fylke 58.583055555556°N 7.5830555555556°E / 58.583055555556; 7.5830555555556 | |||
Wikimedia Commons: Vest-Agder | |||
Nettstad: www.vaf.no | |||
Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (seinare Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen hadde hovudsete i Kristiansand. I 2020 blei Vest-Agder del av nye Agder fylke.
Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er vald sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.