From Wikipedia, the free encyclopedia
Lindesnes er ei halvøy i Lindesnes kommune i Agder. Her ligg Noreg sitt sørlegaste punkt på fastlandet, 57°58'46"N. Avstanden til Kinnarodden, det nordlegaste punktet på det norske fastlandet, er 1752 km.
Då Spangereidkanalen tvers over Lindesnes var ferdig grave ut 21. juni 2007, definerte Statens kartverk neset om frå å vere ei halvøy til å vere ei øy. Det sørlegaste punktet på det norske fastlandet vart då staden Odden på nordsida av Skjernøysund, om lag 4 km søraust for Mandal by i Mandal kommune (58°00'12,599"N; 07°30'47,689"Ø). Men i februar 2008 omgjorde Statens kartverk denne avgjerda, og på nytt vart sørspissen av Lindesnes det sørlegaste punktet på det norske fastlandet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.