Vesle arkana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vesle arkana (Minor Arcana) er fargekorta i ein tarot-kortstokk som blir nytta til å spå med.
Tarotkort dukka opp i Nord-Italia på 1440-talet og var utforma til å spela tarotkortspel med.[1] Dei har typisk fire fargar med ti uillustrerte talkort , i tillegg til 4 bildekort. Tarot-spel er framleis utbreidde i Sentral- og Sør-Europa, og fransk tarot er det andre mest populære kortspelet i Frankrike etter belote.
Tarotkort ein kunne nytta til å spå med blei utbreidde i Frankrike på slutten av 1800-talet, nytta av okkultistar som Etteilla. Omgrepa «Major» og «Minor Arcana» stammar frå Jean-Baptiste Pitois (1811–1877), som skreiv under namnet Paul Christian.[2]
I moderne versjonar av korta er den vesle arkanaen ofte illustrert, ein skikk som blei popularisert med Rider-Waite-korta i 1910. Korta i den vesle arkanaen blir brukte i tarotlesing saman med den store arkanaen til å føreslå detaljar og tillegg.[3]
Kartomantiske tarotkort som er avledde frå kort i latinsk stil har typisk ein liten arkana med 56 kort, der kvar farge har 14 kort: Stavar (alternativt stenger, klubber o.l.), koppar (kalkar, fat eller skåler), sverd (eller klinger) og pentaklar (myntar, diskar eller ringar). Dei fire bildekorta er vanlegvis pasje, riddar, dronning og konge. Nokre variasjonar har prinsesse- og prinsekort i staden for pasje- og riddarkort; den historiske Visconti-Sforza-kortstokken utvida han med to tilleggskort: jomfruen og den ridande dama. Medan den historiske Marseilles-tarotkortstokken omfattar 56 kort, har seinare stokkar basert på franske stokkar kløver (♣), hjarte (♥), spar (♠) og ruter (♦) med berre tre biletkort per farge, ein knekt, ei dronning og ein konge.