Verdas økonomiske forum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdas økonomiske forum (engelsk World Economic Forum (WEF), tysk Weltwirtschaftsforum (WWF), fransk Forum économique mondial (FEM)) er ei Genève-basert nonprofit stifting. Stiftinga arrangerer eit årleg toppmøte, vanlegvis i januar, som samlar toppleiarar i dei største selskapa, nokre nasjonale politiske leiarar og dessutan ein del utvalde intellektuelle og journalistar. Toppmøtet vert vanlegvis halde i Davos i Sveits og samlar omkring 2000 deltakarar. Stiftinga vart etablert i 1971 av den sveitsiske professoren i økonomi Klaus M. Schwab.[1] Den tidlegare norsk utanriksministeren Børge Brende har sidan oktober 2017 vore president og toppsjef for forumet.[2]
Verdas økonomiske forum | |||
| |||
Hovudkontoret til Verdas økonomiske forum i Cologny. | |||
Skipa | januar 1971 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Cologny | ||
Land | Sveits | ||
Grunnleggjar(ar) | Klaus Schwab | ||
Dagleg leiar | Klaus Schwab | ||
Nettstad | https://www.weforum.org |
I 2005 etablerte Verdas økonomiske forum fellesskapet Young Global Leaders, etterfylgjaren til Global Leaders of Tomorrow, beståande av personar under 40 år frå heile verda med ymse yrke knytt til leiarskap.