tidlegare stavkyrkje i Smøla From Wikipedia, the free encyclopedia
Veien stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veiholmen i Smøla kommune i Møre og Romsdal, litt nordvest for Fastsmøla. Kyrkja stod ved Veien (gnr. 52), utan at ho synest å vere arkeologisk påvist.
«Wein [kircke]» er omtala i Reformatsen[1] i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, men med eit kortilbygg i lafteverk.[2] Gravplassen for kyrkja var då ved Brattvær kyrkje. I 1720 vart det meld om behov for vøling, og tretti år seinare stod kyrkja til nedfalls.
Kyrkjestaden vart flytta til Hopen på Fastsmøla, der ny kyrkje vart inngivd i 1749. Kyrkja på Veiholmen vart riven rundt 1760 og inventaret overført til Hopen kyrkje.
Då Bendix Bendixen vitja staden i 1870, oppdaga han eit gamalt altarskåp i Hopen kyrkje. Det hadde vore nytta i Veien-kyrkja, og ein trur at det er framstilt i Lübeck ca. 1520. Bendixen fekk sendt skåpet til Oldsaksamlinga, der det framleis er.[3] Altarskåpet er oppsiktsvekkjande ved at det i midtfeltet har ei kalvariegruppe med Olav den heilage i staden for Johannes, og Maria held jesusbarnet i armane. På innsida av fløydørene er måleri av Peter og Paulus. På utsida av fløydørene er måleri av Olav den heilage og den heilage Sunniva.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.