Vatnajökull (utt. vatna-jøkudl) eller Vatnajøkul er den største isbreenIsland. Breen ligg søraust på øya og dekker meir enn åtte prosent av landet. Med eit areal på 7 700 km² er han den nest største i Europa, etter AustfonnaSvalbard. Volumet til Vatnajökull er derimot større enn det til Austfonna. Tjukkleiken til isen er i snitt om lag 400 meter, men er somme stader opp til 1000 meter.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Vatnajökull
isbre
Thumb
Satellittbilde av Vatnajökull
Land  Island
Areal 7 700 km²
Tjukn 400 m
Thumb
Vatnajökull
64.4°N 16.8°W / 64.4; -16.8
Wikimedia Commons: Vatnajökull
Lukk
Thumb
Vatnajökull frå riksveg 1, på veg mot Jökulsárlón

Namn

Tidlegare blei breen kalla «Klofajökull» (klåva-jøkudl). Den mest sannsynlege grunnen til dette namnet var at langs kysten er breen kløyvd opp av landområde mellom dei forskjellige utløpararmane frå breen.

Utvikling

Som dei fleste andre breane i Europa blei Vatnajökull borte etter den siste istida og kom ikkje tilbake igjen før ei klimaforverring for to til tretusen år sidan. Frå ca. 1400 auka han i areal fram til 1700-/1800-talet under Den litle istida. Fram til rundt 1930 var han nokså stabil før han da begynte tilbaketrekking på grunn av ein varm periode. Frå rundt 1990 er det igjen ein varm periode, og breen trekker seg stadig tilbake.

Vulkanar

Thumb
Grímsvötn på Vatnajökull

Det finst minst tre vulkansystem under Vatnajökull: Öræfajökull, Gjálp og Grímsvötn. I dei seinare åra har Grímsvötn vore mest aktiv, med siste utbrot i 2004. Utbrota frå desse vulkanane kan løyse ut store flaumar i dreneringssystema frå brearmane. Öræfajökull har hatt utbrot to gonger sidan Island blei folkesett; 1362 og 1727. Han er ein dermed ein av dei mest aktive stratovulkanane i Europa. Gjálp hadde det siste utbrotet i 1996 og dette blei etterfylgt av eit jökulhlaup (ein katastrofeflaum) i Skeiðará.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vatnajökull


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.