From Wikipedia, the free encyclopedia
I Japan er valdtekt rekna for å vere eit seksuelt motivert lovbrot, noko som skil det frå andre land som t.d. Noreg, der valdtekt er rekna for å vere eit valdeleg motivert brotsverk. Japan er eit land med sterke patriarkiske haldningar. Dette kan inkludere å lage unnskyldningar for dårleg oppførsel, t.d. seksuelle overgrep. Eit tema som kontinuerleg kjem opp i japansk populærkultur er valdtekt framstilt som ei utviding av normal seksuell tilfredsstilling. Den japanske valdtektsstatistikken er likevel låg.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
I Japan, som mange andre stadar, plar ein dela inn valdtekter i to hovudkategoriar. Ein har «fushizen rape» (不自然), eller relasjonsvaldtekt, der valdtekta vert utført av ein person den fornærma allereie kjenner/har ein relasjon til og/eller det ikkje er særleg med fysisk vald involvert. Ein har òg «tsūjō rape» (通常), eller overfallsvaldtekt, som er det stereotypiske dei fleste tenkjar på når ein høyrer ordet, der ein blir, potensielt valdeleg, overfallen av ein ukjend person og valdteken. Det kan vere vanskeleg å vite kvar skilja går mellom desse. Fleirtalet av alle valdtekter er relasjonsvaldtekt.[1] Valdtekt innanfor ekteskap i Japan vart rekna for å vere ikkje-eksisterande, fordi når kvinna seier ja til ekteskap vart det sett på som at ho gir permanent samtykkje til seksuell kontakt og har dermed gitt frå seg den seksuelle autonomien. Grunna det permanente samtykkjet meiner ein at ein valdtekt ikkje kan finna stad i dette tilhøvet.
Lovgjevinga og definisjonen i Japan av kva ein valdtekt er har ikkje vorte oppdatert sidan loven vart til i 1907. I følgje den japanske lovgjevinga er den juridiske definisjonen på valdtekt (artikkel 177)[2] når ein ved bruk av makt eller trugande åtferd tvingar seg til vaginalt samleie. Alle andre typar seksuelle overgrep går i Japan inn under kategorien «forcible indecency», tvinga uanstende (artikkel 176)[2]. Fordi ordbruken brukt er så vid inneheld denne kategorien alt frå klåing (chikan, 痴漢), til grovare seksuelle overgrep som valdtekt av menn o.l. Dermed er det per juridisk definisjon berre kvinner som kan verte valdtekne og berre menn som kan valdta.
Den japanske valdtektsstatistikk er 20 gonger lågare enn USA,[3] og landet har eit veldig rettsapparat der over 99 % av alle kriminelle sakar i retten endar i ei domfelling.[4] Å finne valdtektsstatistikk om Japan er vanskeleg fordi det er eit veldig tabu- og skambelagt tema.
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte (menn) |
---|---|---|---|
2008 | 1582 | 1326 | 951 |
2009 | 1402 | 1163 | 918 |
-Japanese Police Agency.[5] Sakar der gjerningsmannen er mindreårig har sin eigen statistiske kategori, noko som betyr at ingen mellom 14-19 år er inkludert i desse tala.
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte |
---|---|---|---|
2008 | 7111 | 3555 | 2219 |
2009 | 6688 | 3563 | 2129 |
-Japanese Police Agency.[5](Nærare 70 % av dei meldte sakane i denne kategorien skal visstnok vere klåing (chikan, 痴漢) på offentleg transport.)
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte (menn) |
---|---|---|---|
1990 | 1548 | 1274 | 1289 |
1995 | 1500 | 1410 | 1160 |
2000 | 2260 | 1540 | 1486 |
2005 | 2076 | 1443 | 1074 |
2008 | 1582 | 1326 | 951 |
2009 | 1402 | 1163 | 918 |
2010 | 1289 | 1063 | 803 |
-Ministry of Internal Affairs and Communication[6].
Ein verdi ein set høgt i dei fleste austasiatiske landa er det å akseptere eins situasjon i livet, noko som stemmar spesielt godt i Japan. Dette stammar frå meditative Buddhist-lærdommar og går ut på å resignert halde ut i stilla. Det kan vere mange ulike grunner til at ein ikkje melder frå til politiet om ein valdtekt. Mange vil ikkje verte assosiert med den type oppførsel og er kanskje redd for å bringe skam ovanfor seg sjølve og sin familie(haji). Undersøkingar viser òg at valdtektskultur står spesielt sterkt i asiatiske land,[7] noko som igjen fører til at færre kvinner rapporterer. Valdtekt er eit veldig tabu- og skambelagt tema og det er difor ikkje blitt utført mange undersøkingar i samband med potensielle mørketal. Undersøkingar gjort i andre land foreslår likevel at mørketala er høge og at nærare 80 % av desse er relasjonsvaldtekter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.