From Wikipedia, the free encyclopedia
Air Development Squadron Six (VX-6 eller AIRDEVRON SIX, ofte omtalt med kallenamnet «puckered penguins» (dei rynkete pingvinane)) var ein flyskvadron i United States Navy basert ved McMurdo-basen i Antarktis. Skvadronen vart oppretta ved Naval Air Station Patuxent River i Maryland den 17. januar 1955 og oppdraget var å utføre oppdrag til støtte for Operasjon Deep Freeze, som var eit ledd i United States Antarctic Program.
Air Development Squadron Six | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 17. januar 1955–31. desember 1968 | ||
Grein | United States Navy | ||
Type | Test og evaluering | ||
Rolle | logistisk støtte | ||
Del av | Naval Air Systems Command | ||
Garnison/HK | Naval Air Station Quonset Point | ||
Kallenamn | «puckered penguins» | ||
Fargar | Halenummer XD (1955–1957) Halenummer JD (1957–1969) | ||
Kommandørar | Øvstkommanderande CDR Edward M. Ward, 1955–57[1] CDR Vernon J. Coley, 1957–58[2]
| ||
Luftfartøy nytta | Rekogniseringsfly: P2V-2 Neptune, DHC-3 Otter Transportfly: R4D Dakota, R5D Skymaster, LC-130 Hercules |
Med halenummeret XD, flaug skvadronen mange fly og helikopter under oppdraga, og fleire av desse var pionerreiser. Til dømes vart den første flyruta mellom Antarktis og New Zealand oppretta av mannskap og fly frå VX-6 i 1955. Åre etter vart det skiutrusta R4D Dakota frå VX-6 det første flyet som landa ved Sørpolen. I 1961 vart den første medisinske naudevakueringa på vinteren gjennomført frå Byrd-stasjonen til Christchurch. I 1963 utførte eit LC-130F Hercules frå VX-6 den lengste flyturen i antarktisk historie. I 1967 fullførte eit LC-130F frå VX-6 den første planlagde vinterflyginga til Antarktis og landa ved Williams Field.
VX-6 fekk det nye halenummeret JD i 1957 og fekk det nye namnet Antarctic Development Squadron Six (VXE-6) den 1. januar 1969. I løpet av dei 14 åra skvadronen eksisterte, omkom 17 sjømenn og marinesoldatar frå VX-6 i Antarktis under oppdrag for Operation Deep Freeze.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.