Vólos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vólos (gresk skrift Βόλος, osmansk tyrkisk Golos) er ein by og ein kommune i periferieininga Magnisía i Thessalía i Hellas. Han ligg 326 km nord for Aten og 215 km sør for Thessaloníki. Han er hovudstad i Magnisía.
Vólos Lokalt namn Βόλος | |
---|---|
Hamnepromenaden i Vólos | |
Geografi | |
Stad | Thessalía |
Koordinatar | 39°22′N 22°56′E |
Areal | 387,1 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Thessalía Magnisía |
Hovudsete | Vólos (85 803 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 139 670 (2021[1]) |
Folketettleik | 360,8 /km² |
Vólos ligg inst i Pagastikósbukta ved foten av fjellet Pílio (landet til kentaurane). Vólos er den einaste hamna i Thessalía, det største jordbruksområdet i landet. Han har i dag om lag 85 000 innbyggjarar og er eit viktig industrisenter, medan hamna er ei knutepunkt mellom Europa, Midtausten og Asia. Vólos er den tredje største hamna i Hellas og har mykje trafikk til dei nærliggande øyane i øygruppa Dei nordlege Sporadane, som inkluderer Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. I tillegg er det samband til Límnos, Lésvos, Khíos og Skýros.
Vólos er den nyaste av dei greske hamnebyane med mange moderne bygningar som vart reist etter dei katastrofale jordskjelva i 1955. Økonomien er basert på produksjon, handel, tenester og turisme. Her ligg Thessalía universitet, eit av dei viktigaste i landet.