Dei nordlege Sporadane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei nordlege Sporadane (gresk Βορειές Σποράδες, Voriés Sporádes), ofte omtalt berre som Sporadane (gresk Σποράδες, Sporádes), er ei øygruppe i Egearhavet langs austkysten av Hellas, nordaust for øya Évvia. Dei fire hovudøyane er Skiáthos, Skópelos, Alónnisos og Skýros.
Administrativt er Skiáthos, Skópelos og Alónnisos kvar sin kommune i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía, medan Skýros er ein kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.