Våler kyrkje i Solør (1806–2009)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Våler kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Våler i Innlandet | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Våler | ||
Fellesråd | Våler i Innlandet | ||
Type | Korskyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 26. juni 1806 | ||
Tårn | Ved vestre korsarm. | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | I kleberstein, frå 1100-talet | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Våler kyrkje i Solør 60.6725°N 11.83472222°E / 60.6725; 11.83472222 | |||
Wikimedia Commons: Våler kirke (Hedmark) | |||
Våler kyrkje var ei krosskyrkje bygd i 1806[2] i Vålbyen i Våler kommune i Innlandet fylke. Kyrkja brann ned natt til 29. mai 2009.[3] Ein del av inventaret vart berga ut.[4] Ei ny Våler kyrkje i eit særprega, moderne formspråk vart vigsla i 2015.
Kyrkja var soknekyrkje i Våler kyrkjesokn i Solør prosti. Det er eit gravkapell ved kyrkja, det vart ikkje skadd i brannen. Det vart heller ikkje den freda kyrkjestova.
Kyrkja var bygd i tømmer som var dekt med panel både ut- og innvendig. Ho hadde tårn ved den vestre krossarmen. Hovudinngangen gjekk gjennom tårnfoten. Kyrkja hadde tre galleri. Preikestolen var laga i 1916 av O. Foss frå Våler. Altertavla var plassert i ei nisje over alteret. Ho hadde krossfestinga som motiv. Preikestolen var plassert over alteret og altertavla. Klebersteinsdøypefonten var frå kring 1150. Han skal ha vorte berga ut før kyrkja brann ned. Kyrkja hadde to kyrkjeklokker. Den eine var flytt over frå stavkyrkja. Det var òg ei ornamentkiste frå 1690 og eit kyrkjeskåp frå før reformasjonen i kyrkja.[5]