From Wikipedia, the free encyclopedia
Utrechtunionen var ein union mellom Dei nordlege Nederlanda skriven under av dei fem gewestane (forgjengarar for dagens provinsar) Holland, Zeeland, ein del av provinsen Utrecht, Gelre og Ommelanda i Groningen (men ikkje sjølve byen) 23. januar 1579. Fram til avtalen vart underteikna hadde desse områda vore under spansk herredøme. 4. februar underteikna Gent avtalen, og i mars Dominium Friesland og tre av dei fire delane av hertugdømmet Gelre. I løpet av sommaren følgde Amersfoort (frå provinsen Utrecht) og Ypres, Antwerpen, Breda og Brussel. I februar 1580 vart Brugge og Lier med områda rundt ein del av unionen og under påverknad av Friesland sin statthaldar George van Rennenberg endra Groningen standpunktet sitt og underteikna òg unionsavtalen. To månader seinare, i april 1580 følgde resten av Gelre, og dessutan Overijssel, Drenthe og Venlo. Det er verdt å legge merke til at dei brabantske byene 's-Hertogenbosch og Leuven ikkje slutta seg til Utrechtunionen. Årsaka til dette ligg i at Flandern og halve Brabant var nesten heilt okkupert av spanske troppar.
Av mange vert denne unionen sett på som byrjinga til staten Nederland, noko som ikkje er heilt korrekt. Utrechtunionen la grunnlaget for republikken Dei sameinte Nederlanda som oppstod i 1581, da sju statar gjekk saman. Denne republikken vart ikkje internasjonalt respektert før i 1648 då fredsavtalen som enda åttiårskrigen vart underteikna i Westfalen. Dette samarbeidet var ikkje ein einingsstat før Den bataviske republikken oppstod to hundre år seinare.
Utrechtunionen var eit forbund av landområde og byar i Dei nordlege Nederlanda, som hadde underskrive fredsavtalen passifikasjonen i Gent. Han vart oppretta som ein reaksjon frå dei protestantiske provinsane i forhold til Atrechtunionen, som hadde vorte underteikna 6. januar same år. I Atrechtunionen gjekk dei sørlege provinsane (i dag er de fleste ein del av Wallonia) ut med støtte til det katolske Spania.
I unionsavtalen som vart underskriven i Utrecht vart mellom anna dei følgjande punkta slått fast:
Vidare vart det i unionsavtalen fastlagt ved kva for avgjersler eit fleirtal var nok, og når det var påkravd at ingen var imot, statthaldaren sin posisjon og korleis usemje og disputtar skulle handsamast.
Etter at Utrechtuninoen vart underteikna erkjente dei nordlege provinsane framleis det spanske styret, men la samtidig grunnlaget for det neste skrittet på vegen mot Nederlanda sitt sjølvstende. Forholdet mellom den spanske herskaren og Nederlanda vart dårlegare og i 1581 underskreiv dei nordlege Nederlanda sjølvstendeerklæringa som på nederlandsk heiter Plakkaat van Verlatinghe.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.