![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/54/Utladalen_near_Vetti_Gard.jpg/640px-Utladalen_near_Vetti_Gard.jpg&w=640&q=50)
Utladalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Utladalen er ein dal i Årdal kommune som strekkjer seg nordover frå Øvre Årdal.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/54/Utladalen_near_Vetti_Gard.jpg/640px-Utladalen_near_Vetti_Gard.jpg)
Utladalen er den djupaste dalen i Noreg. Hovuddalen, måt frå Årdalstangen er 40 km lang og omgjeve av 50 toppar på over 2000 meter over havet. Ein tursti er lagt av frivillige i område og kryssar elva gjennom dalen på fire stader og endar ved ein av dei høgaste fossefalla i Noreg, Vettisfossen.
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta samstundes med den nærliggande Jotunheimen nasjonalpark i 1980 og dekkjer eit areal på 300 km². Området inneheld både dalen og områdea både vestover og nordover mot Jotunheimen, og austover mot innsjøen Tyin.