From Wikipedia, the free encyclopedia
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta av den norske staten 5. desember 1980, samstundes med Jotunheimen nasjonalpark. Verneområdet dekkjer eit areal på i kring 300 kvadratkilometer i Vestland fylke. Landskapsvernområdet ligg på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, i kommunane Årdal og Luster.
Utladalen landskapsvernområde | |||
Overblikk over Utladalen som sett på vegen ned frå Skogadalsbøen mot Øvre Årdal. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Utladalen landskapsvernområde 61.4158°N 8.03278°E |
Frå om lag vasskiljet på Sognefjellet strekkjer verneområdet seg ned gjennom Vetle- og Storutladalen langs Utla til Hjelle. Sidedalane Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen i aust og Stølsmaradalen og Gravdalen i vest høyrer også med i landskapsvernområdet.
Både Vettisfossen, garden Vetti, Skogadalsbøen, Avdalen og det såkalla Utladalen Naturhus på garden Skåri ligg i Utladalen landskapsvernområde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.