Utarma uran
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Utarma uran er avfall frå anriking av naturleg uran til kjernefysisk brennstoff eller våpen. Natururan består til 99,28 % av 238U og 0,72 % 235U og ei mindre mengd 234U, som er kløyvbart.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Ved anriking til kjernefysisk brennstoff skal halvparten av 235U aukast til 3-5%, til våpen opp til 90 %. Avfallet består nesten berre av 238U. Alle isotoper er radioaktive og emitterar til størstedelen a-stråling med kort rekkevidde og låg penetrasjonsevne fordi alfastråling ikkje trenger gjennom vanleg skrivepapir eller menneskehud. Den viktigaste eigenskapen til utarma uran ved bruk i ammunisjon er altså eigenvekta på heile 19.160 kg/m3. Bly har 11.340 kg/m3. Eit prosjektil av uran har dermed større kinetisk energi, rørsleenergi, enn tilsvarande prosjektil av bly. Dette gir økt gjennomtrengings– og øydeleggingskraft. Med slike eigenskapar vil prosjektil av utarma uran kunne trenge igjennom veldig tjukke panserplater. Den kinetiske energien gjer at prosjektilet etter treffet forstøvast inne i ei eventuell stridsvogn, og på grunn av den ekstreme varmeutviklinga vil støvet brenne opp med det same. Uran er eit av dei tyngste kjente grunnstoffa, og fordi utarma uran i utganspunktet er eit restprodukt av opprikingsprossesen av uran, er det ingen store utgiftar ved å produsere det. Det er desse eigenskapane som har gjort at utarma uran har vore brukt til slik ammunisjon.
Uran er eit tungmetall som kan deponeras i kroppens ulike organ, framfor alt i skjelettet og nyrene. Prosjektil som inneheld utarma uran vart første gang brukt på Balkan, men under Kuwaitkrigen vart det brukt i eit omfang som gjer at ein kan måle skaden på personell. Seinare er det òg brukt i Irak og Afghanistan.[1] Etter beskjutningar i slaget om Falluja i 2004 er det vurdert at mengden underutvikla born som vart fødde i Falluja vart mangedobbla. Bruk av utarma uran er ei tenkbar årsak.[2] Biologisk halveringstid for uranintak gjennom lungene er 3,8 år.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.