Us av Peter Gabriel
studioalbum av Peter Gabriel (1992) / From Wikipedia, the free encyclopedia
Us er det sjette studioalbumet (og niande albumet totalt) av den britiske rockemusikaren Peter Gabriel, opphavleg gjeve ut i 1992. Det vart ommastra i lag med det meste av katalogen til Gabriel i 2002. Av singlar frå albumet finn ein «Digging in the Dirt», «Steam», «Blood of Eden» (ein tidleg versjon av songen vart nytta i Wim Wenders-filmen Until the End of the World i 1991) og «Kiss That Frog».
Us Studioalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. september 1992 | |
Innspelt | Oktober 1989 – juni 1992 | |
Studio | Real World Studios (Box) · Kingsway Studios (New Orleans) · Studio 2000 (Dakar) | |
Sjanger | ||
Lengd | 57:41 | |
Selskap | Real World (Storbritannia) Geffen (USA) | |
Produsent | Daniel Lanois og Peter Gabriel | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
Shaking the Tree (1990) |
Us | Peter Gabriel Revisited (1992)
|
Singlar frå Us | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Chicago Sun-Times | [4] |
Entertainment Weekly | C+[5] |
Los Angeles Times | [1] |
NME | 5/10[6] |
Q | [7] |
Record Collector | [8] |
Rolling Stone | [9] |
The Rolling Stone Album Guide | [10] |
The Village Voice | B−[11] |
Gabriel utforska smertene i dei personlege problema han hadde hatt i det siste, mellom anna skilsmissa frå den første kona si, forholdet til skodespelarinna Rosanna Arquette, og den aukande avstanden mellom han og den første dottera si.
Etter albumet la Gabriel ut på «Secret World Live»-turneen, kalla opp etter den siste songen på albumet, «Secret World». Frå turneen vart det gjeve ut eit konsertalbum og ein konsertfilm. Albumet vart òg marknadsført gjennom eit interaktivt dataprogram for Macintosh-maskinar kalla Xplora1: Peter Gabriel's Secret World, som inneheldt fleire musikkvideoar frå albumet.