Vierfink, Urocynchramus pylzowi, er ein uvanleg fugleart i høgtliggande område i det sentrale til vestlege Kina. Dette er ein art utan nærskylde og er si eiga slekt Urocynchramus plassert i eigen distinkte familie Urocynchramidae av sporvefuglar.
Vierfink | |
Vierfink Illustrasjon av John Gold | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Urocynchramidae |
Slekt: | Urocynchramus |
Art: | Vierfink U. pylzowi |
Vitskapleg namn | |
Urocynchramus pylzowi |
Han er ein liten fugl som liknar langhalefink i utsjånad. Vierfink viser kjønnsdimorfisme, hannane skil seg frå hofuglar med lys rosa farge på halsen, brystet og buken. Begge kjønna har lang stjert, brune striper på rygg og venger. Nebbet er tynnare enn hos rosenfinkar. Det sterkaste morfologiske trekket som skil denne arten frå rosenfinkar finn ein i dei ytre primærfjørene. Hos finkar og busksporvar er desse fjørene degenererte, men hos vierfink har dei to tredelar av lengda til neste primære.
Vierfink lever i ei høgd på mellom 3050 og 5000 moh., vanlegvis parvis i hekkesesongen, og i små flokkar om vinteren. Den russiske oppdagaren Nikolaj Przjevalskij var den første som skildra denne arten og han skildra songen som liknande songen av busksporvar. Arten har ikkje vorte studert mykje i naturen, og det er lite kunnskap om åtferda hans. Han er ikkje tenkt å vere trua av menneskeleg aktivitet og er oppført med status livskraftig av IUCN.
Den taksonomiske slektskapen var uklår i lang tid. Groth (2000) foreslo at arten korkje er fink eller busksporv, men einaste medlemmen i Urocynchramidae,[1] og denne endringa vart tatt med i den sjette utgåva av Clementslista.[2].
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.