![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Kbh_Mus_Bronzespange.jpg/640px-Kbh_Mus_Bronzespange.jpg&w=640&q=50)
Urnesstil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Urnesstil er ein kunststil og ein motivkrins som vart nytta i både heiden vikingtid og tidleg kristen mellomalder i både Norden, England og Irland. Motivet er vanlegvis ein langstrekt, hjorteliknande figur i samband med eit ormeliknande dyr, men det finst òg motiv i urnesstil med berre ormeliknande vesen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Kbh_Mus_Bronzespange.jpg/640px-Kbh_Mus_Bronzespange.jpg)
Urnesstilen har fått namn etter nokre motiv i treskurden på Urnes stavkyrkje i Sogn. Men stilen har altså opphav i heiden tid, før den noverande og den eller dei tidlegare stavkyrkjene på den same staden vart bygde, og som urnesstilmotiva vert rekna for å ha vore plassert i opphavleg, for deretter å verte sett inn i den noverande stavkyrkja då ho vart bygd.
Til liks med at motivet og stilen er nytta i kristen samanheng på denne og andre stavkyrkjer i Noreg og Norden, vart den òg nytta på andre kristne kultiske gjenstandar, som til dømes på irske krossar. Denne stilvarianten er òg å sjå på mange av dei svenske runesteinane. I Sverige vert nemninga yngre runstensstil eller runstensstil (runestein-stil) ofte nytta i staden for urnesstil.
- Motivet på Urnes stavkyrkje som namngav urnesstilen.
- Nedst på frontalet på det gylne altaret Lisbjergaltaret i Danmark er det ein bord i urnesstil.
- Den irske prosesjonskrossen Cross of Cong er framstilt i urnesstil. Attom bergkrystallen i krossmidten låg ei flis av Kristi eige kross (fotografiet syner ein museumskopi av krossen).
- Døme på ein svensk runestein i urnesstil, U 871 i det svenske runeinnskriftsregisteret. Fargane på steinen er måla på i moderne tid, men det vert rekna med at både runesteinar og andre vikingtids- og mellomaldermonument har vore fargelagde.