From Wikipedia, the free encyclopedia
Uret (frå latin Horologium) er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.
Uret | |
---|---|
Latinsk namn | Horologium |
Forkorting | Hor |
Genitivsform | Horologii |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 3 h |
Deklinasjon | −60° |
Areal | 249 kvadratgrader nr. 58 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Alfa Horologii (α Hor) (3,8. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90° | |
Uret har ingen lyssterke stjerner. Alfa Horologii er den lysaste og er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 115 lysår frå jorda. Beta Horologii er ei kvit kjempe med storleiksklasse 5,0, 314 lysår frå jorda. Uret har fleire variable stjerner. R Horologii er ei raud kjempe og Mira-variabel med ein stor variasjon, tusen lysår frå jorda. Ho har ei minste storleiksklasse på 14,3 og ein største storleiksklasse på 4,7. Perioden er kring 13 månader.[1]
Uret har mange djupromsobjekt og det er fleire kulehopar i stjernebiletet. NGC 1261 er ein kulehop med storleiksklasse 8, 44 000 lysår frå jorda.[1] Kulehopen Arp-Madore 1 ligg i stjernebiletet, den mest fjerntliggande kulehopen ein kjenner til i Mjølkevegen, 398 000 lysår unna.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.