![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/82/Uncle_Remus_title_page%252C_1881.jpg/640px-Uncle_Remus_title_page%252C_1881.jpg&w=640&q=50)
Uncle Remus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Uncle Remus eller Onkel Remus er ein oppdikta forteljar og tittelfigur i ei samling afroamerikanske eventyr samla og gjenfortalde av Joel Chandler Harris i ei bok gjeven ut i 1881. Harris var journalist i Atlanta etter Reconstruction-tida etter den amerikanske borgarkrigen. Han gav ut sju Uncle Remus-bøker. Harris skreiv sogene for å skildra livet og slitet i Sørstatane, særleg på dei gamle slaveplantasjane der. Han gjorde dette ved å formidla eventyr han hadde høyrd gjennom rammeforteljingar i eit plantasjemiljø. Han skreiv sogene på ei dialektform som var hans tolking av den afroamerikanske dialekten i det såkalla Deep South på denne tida. Desse ramme- og stilvala gjorde at samlinga var kontroversiell.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/67/Old_Plantation_Play_Song%2C_1881.jpg/640px-Old_Plantation_Play_Song%2C_1881.jpg)
Uncle Remus er ei samling dyrehistorier, songar og munnleg folklore samla frå afroamerikanarar frå Sørstatane. Mange av historiene er didaktiske, omtrent som i Æsops fablar og i sogene til Jean de La Fontaine. Uncle Remus er ein vennleg gammal fridd slave som opptrer som forteljar i sogene og slik gjev sogene vidare til barn rundt seg, lik ein tradisjonell afrikansk griot.
Sogene er skrivne på ein måte utvikla av Harris for å framstilla talemåten blant afroamerikanarar i Deep South. Uncle Remus-figuren er sett saman av forteljarar Harris var blitt kjend med under tida si på Turnwold-plantasjen. Harris meinte at dialektbruken var ein måte å gjera sogene meir effektfulle og autentiske.[2] På tida då verket blei gjeve ut fekk Harris lovord for evna si til å formidla den svarte plantasjedialekten.[3]
Br'er Rabbit (Brother Rabbit, eller Bror Kanin) er hovudpersonen i mange av forteljingane. Han er ein trickster-figur som liker å lura og laga vanskar for andre. Ofte er han sett opp mot Br'er Fox og Br'er Bear. I ei forteljing lager Br'er Fox ei dokke av tjøre og tek klede på henne. Når Br'er Rabbit kjem forbi snakkar han til denne figuren, kjend i sogene som ein tar baby. Br'er Rabbit blir fornærma av at figuren ikkje svarar, og slår han, men sit fast.[4]