Uku Suviste (fødd 6. juni 1982) er ein estisk songar, låtskriver, pianist og musikkprodusent. Suviste skulle ha representert Estland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I 2021 vann han songtevlinga Eesti Laul igjen og representerte Estland i Eurovision Song Contest 2021 med «The Lucky One».
Bakgrunn
Suviste var fødd i Võru i Estland. Allereie som seksåring byrja han med musikkundervising, og song etterkvart i Tallinn guttekor og i eit skolekor. Seinare byrja han å studera ved Musikkskulen i Tallinn, og i 1997 med spesialisering i piano. Etter vidaregåande studerte Suviste ved den teknologiske høgskulen i Tallinn og utdanna seg til datasystemadministrator. Sidan studerte han òg popjazz-song ved Musikkskulen i Tallinn, og i 2006 starta han ved Berklee College of Music i Boston i USA. Der studerte han låtskriving og musikkproduksjon i halvanna år.[1]
Suviste har skrive ei rekkje låtar og delteke i fleire estiske musikktevlingar. I 2005 gav han ut sitt fyrste album, det eigenproduserte It's Christmas Time. Året etter var han del av den estiske musikkgruppa Lament. Seinare samarbeidde han med med den estiske Idol-vinnaren Birgit Õigemeel, og saman gav dei ut albumet Ilus aeg.
Han har òg delteke i fleire russiske tevlingar, blant anna i den sjuande sesongen av Golos, den russiske versjonen av The Voice, der han hadde Ani Lorak som mentor.[2] Han vart slått ut i semifinalane.[3]
Suviste har delteke i Eesti Laul – den estiske versjonen av Melodi Grand Prix – fleire gonger. I Eesti Laul 2017 deltok han med songen «Supernatural», men vart slått ut i semifinalen. Han deltok på ny i 2019 og kom på andreplass med «Pretty Little Liar». Året etter gjekk han til topps i Eesti Laul med låten «What Love Is».[4] Han skulle dimed representere Estland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av covid-19.[5]
I staden fekk Suviste tilbod om plass i ein av semifinalane til Eesti Laul 2021, noko han takka ja til.[6][7] Han deltok med songen «The Lucky One» og vann til slutt finalen laurdag 6. mars 2021.[8] Han fekk dimed representere Estland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam, men vart slått ut i den andre semifinalen.[9]
Privatliv
Suviste er son av Raivo Suviste, som har produsert ei rekkje tv-program for estisk fjernsyn, og Heli Suviste-Polikarpus, som har studert klassisk song ved Estlands musikk- og teaterakademi.[10][11] Onkelen og tanta, Väino og Sirje Puura, er òg kjende operasongarar i Estland.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.