From Wikipedia, the free encyclopedia
Borej (russisk Борей), eller Prosjekt 955, med NATO-nemninga Borei og Borej, er ein russisk ubåtklasse. Meininga er at Borej-klassen skal erstatte ubåtane i dei eldre klassene Kalmar og Akula, som vart bygde i sovjettida. Ubåtane er atomdrivne og kan skyte ut atomrakettar når fartøyet er neddykka.[1] Klassen har namn etter vindguden Boreas.
Den strategiske SSBN-ubåten (K-535) «Jurij Dolgorukij» av Borei-klasse, ein koloss på 170 meter og toppfart på 25 knop. Ubåten vert driven av atomkraft og er i tillegg bestykka med 16 RSM-56 Bulava-missiler, som kvar kan inneholde opptil 10 stridshovud, sjølv om kvart missil normalt er utstyrt med færre. «Jurij Dolgorukij» har eit mannskap på 102 personar.[2]
Dei ballistiske missila RSM-56 Bulava, 16 stykke, er hovudvåpen.[3] Missila er i kategorien SLBM.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.