Akula-klassa (russisk Project 971 Щука-Б (Sjtsjuka-B), sjtsjuka tyder 'gjedde') er ei russisk atomdriven ubåtklasse. Akula-klassa vart teken i bruk av den sovjetiske marinen i 1986.

Thumb
Akula-klasse ubåt
Thumb
Ubåt frå Akula-klassen, «Vepr» 'villsvin'

Det er tre underklasser av Akula-klassa: Dei første sju Akula-I bygde mellom 1982 og 1986, fem «forbetra Akula» bygde mellom 1986 og 1991 og fire Akula-II bygde frå 1991. Denne inndelinga er omdiskutert, då skilnaden mellom «forbetra Akula» og Akula-II vert debattert av ekspertar.[treng kjelde]

Akula-klassa har dobbelt skrog og er i stand til å dykka djupare enn nokon moderne angrepsubåt; ein rekner med at dykkedjupna er 450 meter. Akula er òg den mest stillegåande russiske angrepsubåten.[treng kjelde] Den markante bulben som kan sjåast atter, over roret til båtane, er sonar som vert slept.

Thumb

Alle fartøya i Akula-klassa er bestykka med fire 533-millimeter torpedorøyr som kan ta Type 53-torpedoar eller RPK-2 Viyuga kryssarmissil (NATO-nemning SS-N-15 Starfish).

Historie

Den 8. november 2008 vart det meldt at den russiske Akula-klasse-undervassbåten K 152 Nerpa, som var nær ferdigstilling for overlevering til India som INS «Chakra», hadde hatt ei ulukke med utløysing av delar av fartøyet sitt halon-anlegg (for brannslokking) og 20 menneske hadde døydd.[1] (Halon er ei forkorting for halogen-metan.)

Leige til India

Ubåten «Nerpa» har vore i teneste for India, og vart då kalla «Chakra». Ubåten vart returnert til Russland i 2021.

India skal ha betalt 2 milliardar dollar for ferdigstilling av to Akula-II som var 80 % ferdigbygde. 300 indiske undervassbåtekspertar vart trena i Russland for nytta av Akula-klasse-ubåtar.[2]

Mens dei russiske Akula-klasse-undervassbåtane er utstyrte med inntil 28 kryssarmissil med ein angrepsradius på 3 000 kilometer, er det angjeve at den indiske versjonen er utstyrt med missilet 3M-54 Klub med ein angrepsradius på 300 kilometer. Russland kan ikkje eksportera missil med større rekkjevidd utan å bryta MTCR-avtala.[treng kjelde]

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.