Tysk litteratur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tysk litteratur eller tyskspråkleg litteratur viser til litterære verk skrivne på tysk eller i tyskspråklege område. I tradisjonell litteraturskriving omfattar omgrepet derfor òg litteratur frå både austerrikske og sveitsiske forfattarar, forfattarar frå tidlegare tyskspråklege område i Aust-Europa og dessutan tyske jødiske forfattarar frå ulike stader, i tillegg til litteratur frå Tyskland.
Fram til barokken var det meste av litteraturen i tysktalande område skriven på latin. Fyrst med Martin Luther byrja tysk å vinna innpass som det føretrekte litterære språket. Den tidlege bløminga av tysk litteratur er den mellomhøgtyske perioden i høgmellomalderen. Moderne litteratur skriven på tysk byrja i opplysingstida med forfattarar som Johann Gottfried Herder og nådde den «klassiske» forma si ved hundreårsskiftet til 1700-talet med weimarklassisismen med Christoph Martin Wieland, Johann Wolfgang Goethe, Johann Gottfried Herder og Friedrich Schiller.
Tyske litteraturhistorie følgjer i store trekk dei same periodane som dei litterære tradisjonane i andre europeiske land, men spissformulert reknar ein den tyske litteraturen for gjennomgåande å ha hatt ei djupare, innovervend og større interesse for skuggesida og dei indre konfliktane til mennesket enn det litteraturen har hatt i mange andre land. Omgrep som Sturm und Drang og Weltschmerz stammar derfor ikkje utan grunn frå nettopp den tyske litteraturen. Metafysiske overvegingar har difor spelt ei større rolle hjå tyske forfattarar, og såleis har tysk filosofi med mellom anna Johann Gottfried Herder, Immanuel Kant, Arthur Schopenhauer, Friedrich Nietzsche og Oswald Spengler òg hatt tyding for tysk litteraturforsking.