Turn of the Cards
From Wikipedia, the free encyclopedia
Turn of the Cards er det femte studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1974. Det var det siste Renaissance-albumet med utdrag frå eksisterande klassiske stykke.[2]
Turn of the Cards Studioalbum av Renaissance | ||
Utgjeve | Mai 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Studio | De Lane Lea Music Center i Wembley i Storbritannia | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 40:55 | |
Selskap | BTM (Storbritannia) Sire (Nord-Amerika) RCA (Europe and Japan) | |
Produsent | Renaissance, Dick Plant and Richard Gottehrer | |
Renaissance-kronologi | ||
---|---|---|
Ashes Are Burning (1973) |
Turn of the Cards | Scheherazade and Other Stories (1975)
|
I Storbritannia vart dette den første utgjevinga (BTM 1000) på selskapet til Miles Copeland, BTM Records (British Talent Managers). I 1977, etter å ha gjeve ut i alt ti album, inkludert to til av Renaissance (BTM 1006: Scheherazade and Other Stories og den doble, BTM 2001, Live at Carnegie Hall), gjekk selskapet konkurs.[3]
Plateomslaget syner ei hand med tarotkort føre Warwick Castle. Den første utgåva til BTM UK hadde eit anna omslag, med eit portrett av Annie Haslam i eit av korta. Seinare utgåver, og i USA, vart det nytta eit omslag der portretta til dei andre i bandet òg var med på korta.
«Things I Don't Understand» var den siste songen Jim McCarty, opphavleg medlem i bandet, skreiv for bandet. «Running Hard» siterer ein melodi først nytta på «Mr. Pine» frå albumet Illusion, i tillegg til stykket «Litanies» av den franske komponisten Jehan Alain. Musikken til «Cold Is Being» er henta heilt frå «Adagio i g-moll» (tilskriven Tomaso Albinoni, men i røynda komponert av Remo Giazotto) og vart i motsetnad til det som står i omslaget, ikkje komponert av Michael Dunford.[4] Jon Camp har sagt at «Mother Russia» var ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.[5]