slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tunnelfuglar er ei biologisk slekt, Geositta, med elleve sporvefuglartar i omnfuglfamilien, Furnariidae. Slekta har utbreiing frå nordlegaste Peru til Eldlandet i sørlegaste Chile og Argentina. Eit fleirtal av tunnelfuglartane er heimehøyrande i Andesfjella. Geositta er ei av ca. 70 slekter av omnfuglar, og gjer ut for 3,6 % av artane i familien.
Tunnelfuglar | |
Patagoniatunnelfugl, Geositta cunicularia Foto: Hector Bottai | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae |
Slekt: | Tunnelfuglar Geositta Swainson, 1837 |
Det feminine generiske namnet Geositta er ein samansetting av det greske ordet 'geō': «jord» samt slektnamnet Sitta, som artar av denne slekta vart trudd å likne på det tidspunktet Geositta først vart skildra. Sitta er òg opphavleg gresk med tydinga hakkespettliknande fugl, av Linné brukt for spettmeiser.[1] Den norske fellesnemninga «tunnelfugl» er skildrande for plasseringa av reiret for alle artane i slekta. Dei grev ein tunnel inn til eit reirkammer i bakken, kanalen kan vere opp til 3,5 meter lang for patagoniatunnelfugl.[2] Direkte omsetting av det spanske namnet 'minero' er «gruvearbeidar».
Artane av denne slekta er einsarta, korthala, terrestriske omnfuglar, som måler mellom 12 og 19 cm i kroppslengde. Utsjånaden er einsarta i grått og brunt gjennom slekta, men mange artar har i tillegg raudbrunt i vengene og halefjørene, berre godt synlege under flukt. Vengene er relativt store og breie. Det kontrastrike mønsteret i venger og hale blir iaugefallande i oppvisingsflukta under kurtisen.[3] Nebbet er generelt svakt nedkurva med unnatak: kortnebbtunnelfugl har kort rettpeikande nebb og langnebbtunnelfugl har langt, nedbøygd nebb.
Tunnelfuglar lever i opne og typisk tørre, trelause og karrige habitat i Andes, Pampas og Patagonia, samt ein art i cerrado økosystem i Brasil. Arten kysttunnelfugl lever lågt i ei smal kyststripe frå Tumbes til Arequipa-regionen i Peru. Andre artar tar andre høgdnivå, mørkvengtunnelfugl i sentrale Peru mellom 3700 og 4900 moh., medan patagoniatunnelfugl har funne leveområde i varierande høgd frå nær havnivå til 5000 moh.[2] To artar hekkar langt sør og er trekkfuglar, dette er isabellatunnelfugl og kortnebbtunnelfugl. Begge trekker nordover i den sørlege vinteren. Andre tunnelfuglartar kan vere delvis streiffuglar og trekkfuglar.[3] Dei hekkar generelt i hòler som er gravne ut i bakken. Storleiken på kullet er to eller tre egg.
Tunnelfuglar rører seg snøgt på bakken, og bråstoppar når dei jaktar etter byttedyr. Dietten består av leddyr som dei plukkar frå bakken. For ein art, gråtunnelfugl, er det funne frø saman med insekt i dietten.
Geositta i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.