Tunesteinen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tunesteinen er ein bautastein frå eldre jarnalder med innskrift i eldre runer i vertikale rader på dei to breisidene, tidfesta til tida før eller kring år 400 e.Kr. Innskrifta er ein av dei lengste tekstane med eldre runer som er funnen.[1]
Runesteinen vart funnen i 1627, liggjande i steingarden kring kyrkjegarden ved Tune kyrkje i noverande Sarpsborg kommune i Østfold, og har truleg stått ein stad i det same området. Han er først omtalt i 1627, då han blei funnen innmurt i kyrkjegardsmuren kyrkja. I 1857 vart steinen flytt til Universitetets Oldsaksamling i Oslo. På steinen står ei av dei lengste kjende norske runeinnskriftene. Innskrifta er i klassisk urnordisk språk.