From Wikipedia, the free encyclopedia
Tundranenetsisk (tidl. jurakisk, jurakkisamojedisk) er eit uralsk språk. I lag med skogsnenetsisk utgjer dei dei nenetsiske språka i den nordlege delen av den samojediske språkgreina. Andre nordsamojediske språk er enetsisk, juratsisk og nganasansk.
Nenetsi nenets | ||
Klassifisering | uralske språk samojediske språk nordsamojediske språk | |
Talarar | nenetsar, nenetsarar | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Nenetsia, Jamal Nenetsia, Taimyr | |
Nenetsitalande i alt | 31 300 (2002) | |
Skriftsystem | kyrillisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nenetsia, Jamalo-Nenetsk, Tajmyr | |
Språkkodar | ||
Glottolog | nene1249 | |
Ved folketeljinga i 2002 var det 31 311 nenetsiskspråklege av ei befolkning på 41 302 nenetsar. Etter den sovjetiske statistikken frå 1989 var det 27 273 nenetsiskspråklege, av dei hadde 26 730 nenetsisk som morsmål og 543 nenetsisk som andrespråk. Nenetsisk blir snakka i den nordlege delen av Russland, på begge sidene av Uralfjella, i Nenetsia, Jamalo-Nenetsk, Tajmyr og på Kolahalvøya.
Tundranenetsisk har 10 vokalar, dei har 17 ulike allofonar, fordelinga er styrt av palatalisering[1]
Monoftongane i nenetsisk er presenter i tabellen.
Fremre | Sentral | Bakre | ||
---|---|---|---|---|
Urunda | Urunda | Urunda | Rounded | |
Lukka | i [i], [ɨ] |
u [ɯ], [u] | ||
Midtre | e [(ʲ)eː], [ɤː] |
o [(ʲ)o̙ː], [oː] | ||
Mid | ° [ə] |
|||
Open | a [(ʲ)ɑː], [ɑː] |
Nenetsisk har 32 konsonantar. Skjemaet nedanfor bruker det uralske fonetiske alfabetet og ikkje IPA.
Ustemte lukkelydar | k | k̕ | p | ṕ | t | t̕ |
Stemte lukkelydar | g | g̕ | b | b́ | d | d̕ |
Frikativar | s | ś | ʒ | ʒ́ | ʦ | ʦ́ |
Nasalar | m | ḿ | n | ń | ŋ | |
Lateralar og tremulantar | l | ĺ | r | ŕ | ||
Andre lydar | h | h́ | w | j | ' |
Vokalar Nenetsisk har sju vokalfonem.
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på nenetsisk. Rett etter revolusjonen fekk nenetsisk, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet, med tre tilleggsbostavar, samanlikna med repertoaret for russisk.
А а | Б б | В в | Г г | Д д | Е е | Ё ё | Ж ж |
З з | И и | Й й | К к | Л л | М м | Н н | Ӈ ӈ |
О о | П п | Р р | С с | Т т | У у | Ф ф | Х х |
Ц ц | Ч ч | Ш ш | Щ щ | Ъ ъ | Ы ы | Ь ь | Э э |
Ю ю | Я я | ' | " |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.