![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c8/Torez-centr.jpg/640px-Torez-centr.jpg&w=640&q=50)
Tsjystjakove
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tsjystjakove eller Torez er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2010). Dei fleste innbyggjarane arbeider i gruveindustrien, sjølv om talet på arbeidarane har minka dei siste åra. Sidan 2014 har han vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.
Kjappe fakta Land, oblast ...
Tsjystjakove ukrainsk Чистякове, russisk Чистяково | |||
Торез, Torez | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
oblast | Donetsk oblast | ||
Del av | Russian-occupied territories of Ukraine | ||
Koordinatar | 48°01′N 38°38′E | ||
Areal | 105,8 km² | ||
Folketal | 82 900 (2010) | ||
Folketettleik | 784 / km² | ||
Grunnlagd | 1778 | ||
Borgarmeister | Viktor Mikhailovytsj Antonov | ||
![]() Tsjystjakove 48.023480555556°N 38.629225°E / 48.023480555556; 38.629225 | |||
Wikimedia Commons: Torez | |||
Nettstad: http://www.torez.info/ | |||
Lukk
Byen skifta namn frå Tsjystjakove til Torez til ære for leiaren i Det franske kommunistpartiet Maurice Thorez, i 1964, året han døydde. Ukrainske styresmakter endra i 2016 namnet på byen attende til «Tsjystjakove»,[1] men dei ikkje har reell kontroll over byen.