From Wikipedia, the free encyclopedia
Topeka er hovudstad i delstaten Kansas i USA og har i kring 126 500 ibuarar.[2] Byen, som ligg nordaust i delstaten ved Kansas-elva og 98 km vest om Kansas City, er eit administrasjons- og handelssenter.[2] Topeka er fylkessete i Shawnee County.[3] Meir enn 76 prosent av befolkninga er kvit og nær 12 prosent er afroamerikansk.[2]
Topeka | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 159,195366 km² | ||
Folketal | 126 587 (1. april 2020)[1] | ||
Topeka 39.04833°N 95.67804°W | |||
Wikimedia Commons: Topeka, Kansas | |||
Delstaten Kansas sysselset om lag kvar femte arbeidstakar.[2] Over 22 prosent er tilsett i undervisings-, helse- og sosialtenestene, og kringom 10 prosent i offentleg administrasjon.[2] Kring ein tidel av dei yrkesaktive arbeider med detaljhandel og like mange er sysselsett i framstilling av industrivarer.[2] Mange arbeider innom transport og finans-næringane.[2]
Delstatsforsamlinga, som vart bygt i tida 1866-1903, har same form som Capitol-bygningen i Washington, D.C.[2]
«Topeka» er eit kansa-osage-ord som tyders ‘stad der me grev opp poteter’,[4] eller ‘ein god stad å grava opp poteter’.[5]
Som stadnamn er «Topeka» fyrst dokumentert i 1826 som kansanamnet på elva som no vert kalla Kansas River. Grunnleggjarane av Topeka valde namnet i 1855 fordi det var nytt, av urfolksopphav og klang godt.[lower-alpha 1][6][7] Joseph James eller Jojim, ein lokal mann av delvis kansaopphav, har fått æra for å ha føreslått namnet.[8]
Topeka låg på ein stad der vogntog som drog vest frå Independence i Missouri, i ei rute kjend som Oregon Trail, kunne kryssa Kansaselva med ei ferje på 1840- og 1850-talet.[9] Trafikken auka på 1850-talet då ein ny militærveg mellom Fort Leavenworth og Fort Riley vart lagt gjennom staden.
Topeka vart grunnlagt i 1854 av slaverimotstandarar frå Lawrence i Kansas.[2] To år seinare vart byen hovudstad i Kansas-territoriet, og frå 1861 hovudstad i den nyoppretta delstaten Kansas.[2] Byen var ein bastion for slaverimotstandarane i Kansas-territoriet, som hadde fleire konflikt mellom abolisjonistar og nybyggjarar som støtta slaveriet, og som hadde makta i den dåverande hovudstaden Lecompton. Då sørlege styrkar marsjerte mot Topeka i 1856, blei det skipa ein milits og reist barrikadar på Quincy Street. Desse blei patruljerte av militsen til minst september 1856, då omleiringa av byen enda.[10][11]
Atchison, Topeka and Santa Fe Railway opna i 1859, og gjennom fleire tiår var Topeka sentral i bygginga av jarnbaner. Det kom også dampbåtar til Topeka med kjøt, mjøl og tømmer som drog tilbake austover med poteter, mais og kveite.
I 1966 vart byen råka av ein kraftig tornado som øydela fleire historiske bygningar.[2] Då den militære flybasen Forbes vart lagt ned i 1974, sokk folketalet med over 10 000.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.