From Wikipedia, the free encyclopedia
«Too Much Love Will Kill You» er ein song skriven av den britiske gitaristen Brian May frå Queen, Frank Musker og Elizabeth Lamers.[1] Songen var inspirert av faren til May som var dødssjuk av kreft. Det var den første innspelinga av Queen kring 1988 eller før som var meint for albumet The Miracle i 1989, men kom ikkje med på albumet på grunn av juridiske problem med at bandet valde at alle songane på albumet skulle tilskrivast heile bandet, og ikkje dei individuelle låtskrivarane. Etter Freddie Mercury døydde i 1991, arrangerte May ein soloversjon, som han framførte på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992,[2] og sidan på soloalbumet Back to the Light same året. Songen vart gjeven ut på singel og nådde femteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Fordi han vart først framført på The Freddie Mercury Tribute Concert, var det mange som trudde at han vart skriven som ei hyllest til Freddie Mercury.
Too Much Love Will Kill You Singel av Brian May frå albumet Back to the Light | ||
B-side |
«I'm Scared» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1992 | |
Innspelt | 1988–1992 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:26 | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | Elizabeth Lamers, Frank Musker, Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May, Elizabeth Lamers, Frank Musker | |
Låtskrivar(ar) | Brian May Frank Musker Elizabeth Lamers | |
Produsent | Brian May, Justin Shirley-Smith | |
Brian May-kronologi | ||
«Driven by You» (1992) |
Too Much Love Will Kill You | «Back to the Light" (1992)
|
Too Much Love Will Kill You Singel av Queen frå albumet Made in Heaven | ||
B-side |
«We Will Rock You»/«We Are the Champions» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 1996 | |
Innspelt | 1988–1995 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:20 3:52 (promo edit) | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | Elizabeth Lamers, Frank Musker, Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May, Elizabeth Lamers, Frank Musker | |
Låtskrivar(ar) | Brian May Frank Musker Elizabeth Lamers | |
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«I Was Born to Love You» (1996) |
Too Much Love Will Kill You | «Let Me Live» (1996)
|
Songen kom òg ut på samlealbumet Now That's What I Call Music! 33.
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[3] | Sølv | 200 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
I 1995 valde dei attverande Queen-medlemmane å ta med originalinnspelinga av «Too Much Love Will Kill You», med Mercury på vokal, for albumet Made in Heaven. Albumet kom ut fire år etter at Mercury døydde.[4] Queen-versjonen er ein powerballade typisk for seint i 1980-åra, med mykje klaverinstrument og elektrisk gitar. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista i 1996, og vart ikkje den same salsuksessen som soloversjonen til May hadde vore. Queen-versjonen har sidan blitt rekna som den definitive versjonen då han vann prisen «Best Song Musically and Lyrically» under Novello Awards i 1997.[1]). Songen vart då òg gjeven ut på Queen-albumet Greatest Hits III.[5]
Videoen til Brian May-versjonen av songen var regissert av David Mallet og består av May som syng føre kamera med klipp frå forskjellige heimevideoar. Videoen til Queen-versjonen vart regissert av DoRo og består av mange forskjellige klipp frå konsertar og andre musikkvideoar av bandet.
I 2003 framførte Queen og Luciano Pavarotti ei utgåve av «Too Much Love Will Kill You», ved den veldedige konserten til tenoren i Modena i Italia.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.