Tongariro-elva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tongariro-elva er ei elv på Nordøya på New Zealand. Ho spring ut frå det sentrale platået på Nordøya, der ho får tilsig frå talrike sideelver, som til dømes Whitikau, Poutu og Mangamawhitiwhiti. Desse renn ned frå åsane omkring og frå fjell som Mount Ruapehu. Elva snor seg så nordetter, gjennom busetnaden Turangi, før ho renn ut i Tauposjøen via ei rekkje elvemunningar. Minimum vassføring i den nedre delen av Tongariro River varierer frå omkring 16 m³/s (målt oppe i elva ved Poutu Intake)[1] til 21 m³/s (målt nede i elva ved Major Jones Pool).[2] Desse voluma kan auka betydeleg under nedbør i omliggjande fjell og åsar.
Kjappe fakta Land, Lengd ...
Tongariro River Tongariro-elva | |||
elv | |||
Eit stykke av Tongariro River | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Lengd | 604 km | ||
Kjelde | Tongariro National Park | ||
Munning | Tauposjøen | ||
• høgd | 356 moh. | ||
Tongariro River 39.105512°S 175.834932°E / -39.105512; 175.834932 | |||
Wikimedia Commons: Tongariro River | |||
Lukk