Tom ved Ob
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tom (russisk Томь) er ei elv i Khakasia, Kemerovo og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 827 km lang og har eit nedslagsfelt på 62 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1100 m³/s eller 35 km³ per år.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Tom | |||
elv | |||
Tom ved Tomsk | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 62 000 km² | ||
Lengd | 827 km | ||
Middelvassføring | 1 100 m³/s | ||
Kjelde | Abakanfjella | ||
Munning | Ob | ||
Tom ved Ob 53.6513°N 89.7638°E / 53.6513; 89.7638 | |||
Wikimedia Commons: Tom River | |||
Lukk
Elva har utspring i Abakanfjella, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella, og renn nordover gjennom Kuznetsksenkinga. Ho munnar ut i Ob rundt 50 km nord for Tomsk.
Dei største byane langs Tom er Mezjduretsjensk, Novokuznetsk, Kemerovo, Jurga, Tomsk og Seversk.
Dei største sideelvane hennar er Aba, Bel-Su, Kondoma, Mras-Su, Nedre Ters, Midtre Ters og Øvre Ters, Tutujas og Usa.