![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Centre_Tolhuin.jpg/640px-Centre_Tolhuin.jpg&w=640&q=50)
Tolhuin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tolhuin er ein by i provinsen Tierra del Fuego, heilt sør i Argentina. Byen ligg sør på Storøya i Eldlandet, ved austbreidda av Fagnano-sjøen. I 2022 hadde Tolhuin 9879 innbyggjarar,[1] og han er med det den tredje største byen i provinsen, etter Ushuaia og Río Grande.
Tolhuin | ||
---|---|---|
![]() | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Provins Øy |
Argentina Tierra del Fuego Storøya | |
Grunnlagd | 9. oktober 1972 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 54 km² | |
Innbyggjarar - By (2022) |
9879 | |
Koordinatar | 54°30′S 67°11′W | |
Høgd over havet | 5 m | |
Tidssone | -3 (UTC-3) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | V 9412 | |
Telefon-retningsnummer | +54 2901 | |
Heimeside: https://tolhuin.gob.ar/ |
Tolhuin er ein ganske nyoppretta by som vart offisielt grunnlagd i 1972. Bynamnet er eit ord frå språket til selk'nam-folket og tyder ‘som eit hjarte’.[2] Nasjonalveg nummer 3 i Argentina skjer gjennom byen, og Tolhuin er einaste stoppestad mellom Ushuaia (10 mil sørover) og Rio Grande (13 mil nordover). Ein kjend attraksjon i byen er bakeriet Panaderia La Unión, der veggane er dekorerte med underskrivne fotografi av argentinske kjendisar som har vitja byen gjennom tidene.[3] Dei fleste bussar som går til Ushuaia stoppar her så passasjerane kan få seg kaffi og ein matbit.