Tjeld
fugl / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tjeld (Hæmatopus ostralegus) er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er den mest utbreidde av alle tjeldartar, med tre underartar som hekkar i Vest-Europa, sentrale Eurasia, Kamtsjatkahalvøya, Kina og den vestlege kysten av Korea. Ingen andre tjeldartar lever innanfor dette området.
Tjeld | |
Tjeld på Helgoland Foto: Andreas Trepte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiing: Gul = berre om sommaren, blå = berre om vinteren, grøn = heile året | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Tjeldfamilien Haematopodidae |
Slekt: | Tjeldfamilien Haematopus |
Art: | Tjeld H. ostralegus |
Vitskapleg namn | |
Haematopus ostralegus |
Tjeld er nasjonalfugl på Færøyane, der det blir sagt at han kjem attende på gregormesse 12. mars kvart år. Fuglen er også nemnd i diktet «Fuglakvæðinum yngrum» av nasjonalskalden Nólsoyar Páll.[2]