Tisza er ei av dei store elvane i Sentral-Europa og ei av dei store sideelvane til Donau frå venstre. Ho har sitt utspring i Ukraina med Kvite Tisza i Khornohora og Svart Tisza Gorganijfjella. Ho renn delvis langs grensa til Romania og renn gjennom Ungarn, der ho så vidt renn langs grensa til Slovakia. Ho munnar ut i Donau i Vojvodina i Serbia. Ho dannar grensa mellom regionane Bačka og Banat. Tisza har eit nedslagsfelt på om lag 157 186 km².
Tisza | |||
rumensk Tisa russisk Тиса ukrainsk Тиса slovakisk Tisa serbisk Тиса, Tisa | |||
elv | |||
Tisza i Szeged i Ungarn | |||
Land | Ukraina, Romania Ungarn, Slovakia Serbia | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Someș, Körös, Mureș | ||
• høgre | Bodrog | ||
Nedslagsfelt | 156 087 km² | ||
Byar | Sighetu Marmaţiei | ||
Lengd | 965 km | ||
Vassføring | munning | ||
• middel | 792 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Aust-Karpatane, Ukraina | ||
• høgd | 2 020 moh. | ||
Munning | Donau | ||
- stad | Nedanfor Novi Sad, Serbia | ||
- koordinatar | 45°8′17″N 20°16′39″E | ||
Tisza 48.0747°N 24.2444°E | |||
Kart over Tisza og den sørlege delen av Donau
| |||
Wikimedia Commons: Tisza | |||
Namn
Namnet på elva i dei forskjellige landa ho renn gjennom er:
I antikken vart ho kalla Tisia og dei latinske namna på ho var Tissus, Tisia, Pathissus (Plinius den eldre, Naturalis historia, 4.25). På tysk vert ho kalla Theiß.
Regulering
Lengda til Tisza i Ungarn brukte å vere 1 419 km. Ho rann over Den store ungarske sletta, som er ei av dei største slettene i Sentral-Europa. Sidan sletter kan føre til at elvar renn svært sakte, og Tisza fylgde ei lttei med mange svingar, som førte til store flaumar i området.
Etter fleire mindre forsøk, organiserte István Széchenyi «kontrollen av Tisza» (ungarsk a Tisza szabályozása) som starta 27. august 1846 og var ferdig i 1880. Den nye lengda hennar i Ungarn vart 966 km, med 589 km «døde kanalar» og 136 km med ny elevleie.
Tiszasjøen
I 1970-åra starta bygginga av Kisköre-reservoaret for å kontrollere flaum og lagre vatn til tørre periodar av året. Det viste seg derimot at resultatet, Tiszasjøen, vart ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Ungarn, sidan han hadde mange av dei same kvalitetane som Balatonsjøen og langt lågare prisar.
Skipsfart
Tisza er framkommeleg for båttrafikk langs store delar av leia hennar. Det er ikkje mange åra sidan elva vart opna opp for internasjonal skipsfart. Før skilde Ungarn mellom nasjonale og internasjonale elvar, som indikerte om ikkje-ungarske fartøy var tillate eller ikkje. Etter at Ungarn vart eit medlemsland i EU vart dette skiljet heva og fartøy vart tillate på Tisza.
Sideelvar
- Mureș (i Szeged)
- Arieș (nær Gura Arieșului)
- Târnava (nær Teiuș)
- Târnava Mare (i Blaj)
- Târnava Mică (i Blaj)
- Körös (nær Csongrád)
- Crișul Repede (nær Gyoma)
- Barcău (i Szeghalom)
- Crișul Alb (nær Gyula)
- Crișul Negru (nær Gyula)
- Crișul Repede (nær Gyoma)
- Zagyva (i Szolnok)
- Sajó (i Tiszaújváros)
- Bodrog (i Tokaj)
- Crasna (i Vásárosnamény)
- Someș (nær Vásárosnamény)
- Begej (nær Titel)
- Čik (nær Bačko Petrovo Selo)
- Jegrička (nær Žabalj)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tisza» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.