Tirabin al-Sana (hebraisk skrift תראבין א-צאנע), òg Tarabin (arabisk ترابين) er ein beduin-landsby i Negevørkenen sør i Israel. Landsbyen vart bygd for Tarabin-stamma..[1] Han ligg nær Rahat og Mishmar HaNegev og høyrer til Al-Kasom regionale kommune. I 2011 var folketalet 372.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Tirabin al-Sana
תראבין א-צאנע, ترابين
landsby
Thumb
Tirabin al-Sana moské under bygging
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Al-Kasom
Koordinatar 31°20′43.8″N 34°44′13.39″E
Folketal 372  (2011)
Thumb
Tirabin al-Sana
31.3455°N 34.737053°E / 31.3455; 34.737053
Thumb
Wikimedia Commons: Trabin A-Sana
Lukk

Historie

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[2]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[2]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[2]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spreidd over heile Nord-Negev.[3]

Landsbyen vart offisielt godkjend som landsby av regjeringa den 29. september 2003, i lag med åtte andre beduin-landsbyar (sju av dei i den tidlegare Abu Basma regionale kommune).[4]

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.