![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/Tina_turner_21021985_01_350.jpg/640px-Tina_turner_21021985_01_350.jpg&w=640&q=50)
Tina Turner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tina Turner (26. november 1939 som Anna Mae Bullock–24. mai 2023) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar.
Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann».[1] Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue.[2] Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love»,[3] «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og «Nutbush City Limits» (1973), ein song ho skreiv sjølv. I sjølvbiografien sin I, Tina, avslørte ho at ho fleire gonger var blitt mishandla av Ike Turner før dei gjekk frå kvarandre i 1976 og til slutt skilde seg i 1978.
Etter skilsmissa frå Ike Turner, bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 av det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytta som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. I tillegg til musikkarrieren hennar, spelte Turner òg i fleire filmar, mellom anna ei rolle i 1975 i rockemusikalen Tommy og ei rolle i Mel Gibson-filmen Mad Max Beyond Thunderdome i 1985. I tillegg hadde ho ei rolle i filmen Last Action Hero.
Turner var ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda, og fekk kallenamnet «The Queen of Rock n Roll».[4][5][6] Ho er blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten,[7] vann åtte Grammy-prisar og selde feire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia.[8] Det samla album- og singelsalet hennar er kring 100 millionar kopiar verda over.[9] Ho var kjend for å vere energisk på scenen,[5] den kraftige vokalen hennar og den langvarige karrieren.[10] I 2008 kom Turner attende etter ei delvis pensjonering og la ut på Tina!: 50th Anniversary Tour.[11] Denne turneen vart ein av dei bestseljande turneane i 2008–2009.[12] Rolling Stone rangerte ho på 63. plass på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene.[13] I 1991 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.