Tidvassbølgje
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tidvassbølgje er eit fenomen som kan finna stad i tronge kanalar, som elvar og sund, med ein viss storleik på tidvasskilnaden, gjerne i samband med springflod. Det medfører at tidevatnet som kjem inn dannar ei eller fleire snøgge bølgjer som typisk har høge, fossande bølgjetoppar.
Bølgjene går to til tre gonger snøggare enn vanleg tidvatn, og held fram lengre. Dei har gjerne ei eller fleire tydelege bølgjetoppar som kan bryta, og kan også koma saman med eit tydeleg brus. Store og tydelege tidvassbølgjer er kjende under ulike namn.
Medan dei større tidvassbølgjene kan vera farlege for skipsfart i elva, blir dei også brukt av surfarar og sett på av turistar.
Ein finn tidvassbølgjer særleg ved munningen av større floder som Amazonas, Brahmaputra, Indus, Irrawaddy og Qiantang.
I Europa er tidvassbølgjer mindre vanlege, men ein finn dei mellom anna i Garonne og Seinen i Frankrike, Severn og Trent i England, og i den norske Saltstraumen.
Elv | Plassering | Namn | Fart | Høgd |
---|---|---|---|---|
Amazonas | Brasil | pororoca | Opptil 25 km/t | Opptil 4 meter |
Araguari | Brasil | |||
Batang Lupar | Malaysia, nær Sri Aman | benak | ||
Daly | Australia, i Northern Territory | |||
Ganges–Brahmaputra | India og Bangladesh | |||
Indus | Pakistan | |||
Mearim | Brasil | |||
Orinoco | Venezuela | macareo | Opptil 21 km/t | Opptil 4 meter |
Qiantang | Kina | Opptil 40 km/t | Opptil 9 meter | |
Seinen | Frankrikre, strekninga mellom Rouen og havet | mascaret eller la barre | Sidan 1960-åra sterkt redusert av mudring. | |
Petitcodiac | Canada, i Bay of Fundy i New Brunswick | Tidlegare over 2 meter, sterkt redusert av utbygging. | ||
Severn | Storbritannia (Wales og England) | Opptil 2 meter | ||
Shubenacadie | Canada, ved Bay of Fundy i Nova Scotia | |||
Styx | Australia, på Tasmania i Queensland | |||
Trent | Storbritannia, Humber i England | Aegir | Opptil 1,5 meter | |
Turnagain-armen av Cook Inlet | USA, Alaska. | Opptil 20 km/t | Opptil 2 meter | |
Vilaine | Frankrike | le mascarin |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.