From Wikipedia, the free encyclopedia
Tianshui (kinesisk: 天水市; pinyin: Tiānshuǐ Shì) er eit byprefektur lengst søraust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 14 300 km² og hadde 3 262 548 ibuarar i 2010.
Byprefekturet Tianshui omfattar eitt distrikt (区 qū), fire fylke (县 xiàn) og eit autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Kinas riksveg 310 endar i Tianshui. Denne viktige trafikkåra tek, lik Longhaibana, til i Lianyungang i Jiangsu, går vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Vegen er innom større byar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.
Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.