From Wikipedia, the free encyclopedia
Theodore von Kármán (11. mai 1881–6. mai 1963) var ein ungarsk ingeniør og fysikar. Han arbeidde mykje med aerodynamikk, og fleire grunnleggende aerodynamiske teoriar er kalla opp etter han, som kármánsk kvervelgate og den teoretiske grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet utanfor, Kármánlinja.
Kármán vart fødd i Budapest i Austerrike-Ungarn under namnet Kármán Tódor og studerte til ingeniør der fram til 1902. Han tok doktorgraden ved universitetet i Göttingen i 1908 og underviste der i fleire år. Men etter at han såg ei flyging vart han så fascinert av flyging at han byrja å forske på aerodynamikk. I 1912 vart han sjef for det aerodynamiske instituttet ved universitetet i Aachen; han fortsette i denne stillinga fram til 1930, berre avbroten av første verdskrigen, då han tente i den austerriksk-ungarske hæren, der han mellom anna konstruerte ein helikopterprototype.
På grunn av hendingane i Europa i starten av 1930-åra flytta han til USA. I 1949 vart han knytt til NATO som konsulent for gruppa for aeronautiske forsøk. Kármán er kjent for sine grunnleggjande aerodynamiske arbeid. Han studerte særleg kvervelstraumar i gassar og væsker og friksjonskreftene ved kvervelrørsler.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.