The Sims 2
dataspel frå 2004 / From Wikipedia, the free encyclopedia
The Sims 2 er eit simulasjonsspel utvikla av Maxis og utgjeve av Electronic Arts. Det er oppfølgjaren til dataspelet The Sims, som kom ut i år 2000.[1] The Sims 2 blei fyrst gjeve ut den 14. september 2004 for Microsoft Windows. Det var tilgjengeleg på Apple Mac OS X i 13. juni 2005. Åtte tillegspakkar og ni stæsjpakkar, som utvidar innhaldet i The Sims 2, har seinare blitt gjeve ut. I tillegg har fleire versjnar av spelet til spelkonsollar blitt utgitt. The Sims 2 også tilgjengeleg på mobile plattformar. Oppfølgjaren til The Sims 2 er The Sims 3, som blei lansert i juni 2009.[2][3]
Spelaren kan i The Sims 2 styre simmar, som har seks alderstrinn: spedbarn, småbarn, barn, tenåring, vaksen og gammal. Nytt i The Sims 2 er at simmane no døy av alderdom, noko som ikkje gjekk an i den fyrste versjonen av spelet. Det finst også eit gensystem som gjer at barna får trekk frå foreldra sine.
Sims 2 finst på PC, og i eigne versjonar til Nintendo GameCube, PlayStation 2, Xbox, Game Boy Advance, Nintendo DS og PlayStation Portable.