The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
album av David Bowie / From Wikipedia, the free encyclopedia
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, eller berre Ziggy Stardust, er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust.[1] Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, og musikkmagasinet Melody Maker har utpeikt albumet som det definitive albumet frå 1970-talet. Albumet klatra til femteplass på den britiske albumlista, og til 75. plass i USA.
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. juni 1972 | |
Innspelt | Trident Studios i London, 9. september 1971, november 1971, 12. januar-18. januar 1972 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 38:37 | |
Selskap | RCA Records, Virgin Records | |
Produsent | David Bowie og Ken Scott | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
David Bowie-kronologi | ||
Hunky Dory (1971) |
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane (1973)
|
I 1997 vart Ziggy Stardust stemd fram til 20. plass over dei største platene gjennom tidene i ein «Music of the Millenium»-avstemming leia av fleire aviser og magasin i Storbritannia. Musikkmagasinet Q plasserte albumet på 24. plass på ei liknande liste, medan fjernsynskanalen VH1 hadde det på 48. plass. Musikkmagasinet Rolling Stone hadde albumet på 35. plass på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2000 hadde Q albumet på 25. plass på ei liste over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.