From Wikipedia, the free encyclopedia
The Nice var eit engelsk progressivt rockeband som var aktivt i slutten av 1960-åra. Det blanda rock, jazz og klassisk musikk, og var det første kommersielt suksessrike bandet med klaverspelaren Keith Emerson.
The Nice | |||
The Nice i Ernst-Merck-Halle i Hamburg i Vest-Tyskland den 28. mars 1970[1] | |||
Opphav | London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967–70, 2002 | ||
Sjanger |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | Immediate, Charisma | ||
Tidlegare medlemmer | Keith Emerson Lee Jackson David O'List Ian Hague Brian Davison |
Gruppa vart skipa i 1967 av Emerson, Lee Jackson, David O'List og Ian Hague for å akkompagnere soulsongaren P.P. Arnold. Etter at Hague vart erstatta av Brian Davison byrja gruppa for seg sjølv og fekk raskt eit trufast publikum. På scenen fekk Emerson vist seg fram som showmann der han spelte og misbrukte Hammondorgelet sitt med radikale omarrangement av klassiske musikktema og Bob Dylan-songar.
Bandet fekk størst suksess med ein instrumental versjon av Leonard Bernstein sin «America», før O'List slutta i gruppa. Dei attverande medlemmane fortsette som ein trio, og gav ut fleire album, før Emerson valde å slutte i bandet tidleg i 1970 for å skipe Emerson, Lake & Palmer. Gruppa kom saman for ei kort tid i 2002 og spelte fleire konsertar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.