The Jam
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Jam var eit engelsk rockeband som var aktivt frå slutten av 1970-talet til byrjinga på 1980-talet. Bandet slo gjennom i lag med framvoksteren av pønkbølgja, og hadde med den raske musikken og framtoninga si som «sinte unge menn» ein del likskapstrekk med pønkband. Medlemmane i bandet var likevel opphavleg fint kledd i dressar, og musikken til bandet inneheldt ei rekkje element frå blant anna The Beatles, Motown, britisk populærmusikk frå 1960-talet, særleg The Who, og The Kinks. The Jam plasserte seg dermed som eksponent for gjenopplivinga av mod-kulturen.
The Jam | |||
| |||
Opphav | Storbritannia Woking i Surrey i Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1972–1982 | ||
Sjanger | |||
Plateselskap | Polydor | ||
Tidlegare medlemmer | Paul Weller Steve Brookes Rick Bucker Dave Waller Bruce Foxton |
The Jam hadde 18 Top 40-singlar på rad på dei britiske hitlistene frå debuten sin i 1977 til 1982, av dette 4 hittar på toppen av lista. Då gruppa blei oppløyst i 1982 blei dei første 15 singlane deira gjenutgjevne og kom alle med på topp 100-lista.[1]
Bandet bestod av Paul Weller (gitar og vokalist), Bruce Foxton (bassgitar) og Rick Buckler (trommer). Opphavleg var det endå ein gitarist med, Steve Brooks, men han forlét bandet før utgjevinga av debutsingelen til gruppa, «In the City» i april 1977. Weller oppløyste bandet i 1982, og danna deretter The Style Council.